Alver kommune · Alver
Om stillinga
Me søkjer to engasjerte og motiverte helgekollegaer til Kvernhusmyrane bufellesskap
Me har ledig to helgestillingar:
Kvernhusmyrane bufellesskap ligg sentralt i Knarvik og er heim for seks personar med ulik grad av funksjonsnedsetjing. Bustaden er døgnbemanna.
Målet vårt er å tilby tenester av høg kvalitet og bidra til ein trygg, meiningsfull og best mogleg kvardag for kvar einskild bebuar.
Arbeidsoppgåver
Kompetanse
Det er eit føremon med erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming og adferd som utfordrar
Kven er du?
Vi søkjer etter deg som er tolmodig og engasjert, motiverande og positiv. Du er initiativrik og har engasjement for brukargruppa.
Me tilbyr
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Om Habiliteringstenesta
Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/ utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter,
og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.