Herøy kommune, Myrvåg omsorgssenter seksjon B
Ønsker du å bidra til ein trygg kvardag for personar med demens? Vi har ledig ei 80 prosents fast stilling som helsefagarbeidar ved Myrvåg omsorssenter, seksjon B. Her arbeider vi særskilt med individtilpassa miljøarbeid.
Arbeidstida er organisert i todelt turnus, med arbeid kvar fjerde helg med 12,5 timers vakter på helg. Stillinga er ledig frå 01.12.2026.
Myrvåg omsorgssenter består av to seksjonar og høyrer til avdeling pleie og omsorg i sektor helse og meistring:
seksjon A: somatisk sjukeheimsseksjon med langtids-, korttids- og KAD-plass (kommunal akutt døgneining) seksjon B: seksjon for personar med demens med langtids- og korttidsopphald
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål. Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting.
Personlege eigenskapar
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.
Vi tilbyr
Herøy kommune er i kommunegruppe 5. Dersom du bur og arbeider i kommunen, kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Ane Nærø, Seksjonsleiar, +47 93875336
Arbeidsstad
Åsvegen 13
6080 Gurskøy
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommune
Referansenr.: 5184588085
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 14.10.2026