Indre Sogn psykiatrisenter, Helse Førde · Sogndal
Indre Sogn psykiatrisenter, seksjon Døgn har ledig fast 70 % stilling som helsefagarbeidar med fagskuleutdanning i psykisk helsearbeid frå 01.03.2027.
Indre Sogn psykiatrisenter er eit moderne distriktspsykiatrisk senter (DPS) organisert i seksjonane Dag og Døgn. Seksjon Dag omfattar mellom anna allmennpsykiatrisk poliklinikk, spissa satsing på alderspsykiatri, jobbspesialistar og TSB-team. Seksjon Døgn har 13 sengeplassar og arbeider aktivt ut mot kommunane i opptaksområdet gjennom ambulant verksemd
Vi er samlokalisert med Sogndal BUP, og senteret har om lag 80-90 tilsette. Du kan lese meir om senteret og tilboda våre på Helse Førde si nettside:Indre sogn psykiatrisenter.
Vertskommunen er Sogndal, ein av få kommunar utanfor dei største byane som opplever sterk vekst. Eit variert arbeidsliv, gode utdanningsmoglegheiter og ein unik natur gjer regionen attraktiv for både arbeid og fritid. Her ligg tilhøva godt til rette for eit aktivt friluftsliv året rundt.
Les meir om regionen her.
Vi tilbyr
Arbeidsoppgåver
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar blir lagt vekt på.
Kvalifikasjonar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sigrid Snitjer, Seksjonsleiar, 576 27 500 (sentral)
Arbeidsstad
Dalavegen 29
6856 SOGNDAL
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Førde
Referansenr.: 5187722269
Stillingsprosent: 70%
Fast
Startdato: 01.03.2027
Søknadsfrist: 14.10.2026