Lidar barneskule har om lag 100 elevar frå 1.-7. trinn. Det er sju klasser i tillegg til ei basisgruppe for individuell tilrettelagt opplæring.
Vi organiserer oss slik at vi har to lærarar per trinn i basisfaga. Det er oppretta eit team som arbeider særskild med spesialpedagogisk oppfølging. I teamet er det mellom anna kompetanse frå barnevernspedagog, vernepleiar og andre faggrupper.
Lidar skule har ledig vikariat som fagarbeidar 50% stilling frå no og ut skuleåret. Vi søkjer også etter tilkallingsvikarar.
Merk i søknaden om du ynskjer vikariat eller tilkalling.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene består av fagleg og sosial oppfølging av enkeltelevar, mindre grupper og i heil klasse. Vi ynskjer å få deg på laget vårt som brenn for å legge til rette for trygge og lærerike skuledagar der elevane får ut utviklingspotensialet sitt
- Samarbeid med teamet rundt og eksterne faginstansar for å legge best mogleg til rette
- Arbeid på SFO er ein del av stillinga
Kvalifikasjonar
- Det er ynskjeleg at du har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller anna relevant fagbrev
- Det er ynskjeleg at du har erfaring frå arbeid med barn og unge
- Du ynskjer å bidra til at barn og unge opplever ein meiningsfull kvardag ved å sjå kvart enkelt born, og du har interesse for sosialt sampel og læring
- Det er krav om politiattest, jfr opplæringsloven §17-11
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer deg som er ein varm og trygg vaksen i møte med elevane. Vi er opptekne av gode relasjonar med elevane, foreldra og dei tilsette ved skulane
- Vi søkjer deg som har gode samarbeidsevner, er positiv, fleksibel, robust og er ein god lagspelar
- Vi søkjer deg som ser glede og nytte i å samarbeide og ta initiativ til å vera med å utvikle skulane i Øystre Slidre kommune til det beste for elevane
Personlege eigenskapar og eignaheit vil bli sterkt vektlagt
Vi tilbyr
- Ein spennande arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø
- Løn etter tariff
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
- Nærheit til Beitostølen og Jotunheimen
Kontaktinformasjon
Sissel Dahle Lie, Rektor Lidar skule, +47 99690813
Arbeidsstad
Bygdinvegen 1989
2940 HEGGENES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune
Referansenr.: 5185668698
Stillingsprosent: 50%
Vikar
Søknadsfrist: 25.10.2026