Klepp kommune, Fritid · Klepp
Vil du gjere ein forskjell for barn og unge i Klepp? Fritidsklubben i Klepp står framfor ein spennande utviklingsfase. Me flyttar inn i nye lokale i Plogen kulturhus og rådhus, etablerar juniorklubb for elevar på 5.–7. trinn og vidareutviklar fritidsklubben som ein viktig del av kommunen sitt førebyggjande arbeid for barn og unge. Me søkjer ein engasjert miljøterapeut i om lag 35 % fast stilling som ønskjer å bidra til å skape ein trygg, inkluderande og attraktiv møteplass for barn og unge. Stillinga omfattar to kveldar i veka og to helger i løpet av eit skuleår. Storleiken på stillinga er rekna ut etter 40 ukers arbeidsår, og kan diskuterast dersom søkjarar ønskjer fleire kveldar eller arbeid på dagtid i feriar. Stillinga inneber hovudsakleg arbeid to kveldar per veke. Det må også reknast med arbeid to helger i løpet av året i samband med aktivitetar og arrangement. Stillinga kan kombinerast med studium eller anna deltidsstilling. I fritidsklubben er relasjonar vårt viktigaste arbeidsverktøy. Me søkjer derfor ikkje først og fremst aktivitetsleiarar, men trygge vaksne som ønskjer å gjere ein forskjell i livet til barn og unge. Hos oss får du vere med på å utvikla ein ny fritidsklubb som skal vera hjarta i ungdomsarbeidet i Klepp kommune.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Kontaktinformasjon
Cato Wallin, Avdelingsleder, +47 93482437
Arbeidsstad
Bedriftsvegen
4353 Klepp Stasjon
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommune
Referansenr.: 5192360926
Stillingsprosent: 35%
Fast
Søknadsfrist: 23.10.2026