T
Tresfjord Enspire Skule

Om Tresfjord EnSpire skule

Tresfjord EnSpire skule er ein privat barneskule med EnSpire-profil, lokalisert i Tresfjord i Vestnes kommune. Skulen ligg tett på både fjord og fjell, og naturen er ein naturleg del av kvardagen og læringsarenaene våre.

Entreprenørskap er ein viktig del av skulen sin profil. Vi arbeider målretta med å utvikle elevane si evne til å sjå moglegheiter, ta initiativ, vere kreative og omsetje idear til handling.

Skulen har i dag 59 elevar frå 1.--7. trinn og om lag 13 tilsette fordelt på skule og SFO.

Hos oss møter du eit engasjert personale og ein skule i kontinuerleg utvikling, der relasjonar, læring og trivsel står i sentrum.

1 aktiv stilling
Ledige stillinger (1)